Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Klar oppmoding til ungdommen, frå ungdommen

Klar oppmoding til ungdommen, frå ungdommen

Voss ungdomsråd støttar alle tiltak som Voss herad gjer, og oppmodar all ungdom om å følge folkehelsedirektoratet sine tips.

Ungdomsrådet oppmodar også ungdom på Voss om å ikkje samle seg i grupper, ikkje dra på fest, ikkje dra på klubbar, ikkje handle unødvendig med mat, respektere karantene og generelt sett halde seg heime.

Voss ungdomsråd vonar vossaungdommen er proaktive samfunnsborgarar som er med på å redusere smittefaren.

Om me fylgjer dei strenge tiltaka no, kan me løsne opp og slappe meir av seinare.

 

Marcelius Prestegård og Daniel Lund Imani

På vegne av Voss ungdomsråd