Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Koronatesting i Lekvebakken

Koronatesting i Lekvebakken

Fredag overtek Voss herad testing for koronavirus frå Voss sjukehus. Innbyggjarar i Vaksdal kommune og Voss herad vert testa i Lekvebakken 15A på Voss. 

For at dette skal verta gjort under kontrollerte forhold må ein ringe 900 89 662 for å avtala time. Her vert det etablert eit telt utandørs som bilane kan stå ved/i, og testen vil verta tatt der. Testinga vert utført av sjukepleiarar som kan utføra slike prosedyrar. Ein kan ikkje møta opp utan time fordi det er viktig at me ikkje samlar mange menneske på same plass.  

Kven skal bli testa?

Det er også kome nye retningsliner i høve til kven som skal testas for korona. Du skal ikkje bli testa om du er i karantene og ikkje har symptom på korona. Er du i tvil, sjekk på FHI si temaside om korona. Uansett skal alle ringja på førehand, telefonnummer er 900 89 662.

Krevjande situasjon

Helsetenestene vil stå ovanfor ein krevjande prioriteringssituasjon. Det er ikkje mogleg å gje same nivå på tenestene som i dag og alle vedtak vert derfor vurdert og tilpassa det nødvendige behovet. Dei sjukaste vil verta prioritert for tenester.  

I heimetenesta vil vedtak som heimehjelp og avlasting verta sett på vent. Nokon søknader om tenester vil ikkje verta behandla innan frist då det ikkje er ressursar til dette. Det vil vera dei sjukaste som får tenester. Me må rekna med at mange tilsette vil verta sjuke. Dei tilsette som er på jobb vil måtte ta på seg ekstra oppgåver og må i periodar pårekna å jobba utover den ordinære arbeidstida.

Frivillige

Me vil trenga frivillige til mange oppgåver som helse og omsorg ikkje vil ha moglegheit til å ta på seg. Dette kan til dømes vera tilsyn, spiseven, tillaging av mat og anna. Me ber derforalle innbyggarar om å bidra. Pårørande til dei som har institusjonsplass vert oppmoda om å ta dei heim dersom det er fagleg forsvarleg, også frå langtidsavdeling. 

Restriksjonar på besøk

Korona-situasjonen utviklar seg for kvar dag som går. Dessverre i negativ retning. Det betyr at me alle må ta grep for å hindra at situasjonen vert verre enn den kan bli. Helsa til våre innbyggarar er det viktigaste. Vår viktigaste oppgåve no er å jobba for at så få som mogleg vert smitta og sjuke. Derfor må me innføra strenge restriksjonar i heile helse- og omsorgstenesta. Me må starta no, og me kjenner til kor lang tid tiltaka vil vara. Tida framover vert svært krevjande for oss alle. Me ber om at de held dykk oppdatert på informasjon frå oss på våre nettsider og på nettsidene til FHI.no