Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Koronatesting

Koronatesting

Testing vert gjennomført i Lekvebakken 15 måndag, torsdag og fredag. Dersom smittesituasjonen endrar seg opnar me opp for testing raskt.

Aktuelt covid-19

Hurtigtest:

Uvaksinerte husstandsmedlemmer som er nærkontakt til den smitta og andre nærkontaktar som ikkje har plikt til å teste seg, kan tilbys to hurtigtester med eit døgns mellomrom. Alle med symptom vert anbefalt å bestille PCR-test. Testsenteret vil vera opent for henting av hurtigtestar måndag - fredag 09:00 - 15:30.

Me oppmodar om at du tingar time til testing på nettet

Digital registrering for koronatesting

For å tinga test må du logga inn med BankID eller Bank ID på mobil.

Du kan òg ringe koronatelefonen for å bestille time (900 89 662). Telefontid måndag, torsdag og fredag kl. 09:00 - 12:00. Dei dagane me ikkje har open telefon kan ein senda e-post til: eileen.s.gronsberg@voss.herad.no

For å få gjennomført telefonsamtalane mest mogleg effektivt, er det viktig at alle som ringjer tenkjer gjennom og har klart fylgjande:
  • Personnummer på alle som skal verta testa
  • Raskt kan svara på om dei i løpet av dei siste ti dagane har vore i nærkontakt med nokon som har testa positivt for covid-19
  • Raskt kan svara på om dei har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane
  • Svara ja eller nei på om dei i løpet av dei siste ti dagane:
    • har hatt feber
    • hosta
    • vore tungpusta
    • har hatt tap av smak- eller luktesans
    • har symptom på forkjøling eller sjukdom

Dersom du ringjer på vegner av andre, må desse spørsmåla vera avklara før du tek kontakt.

Dersom ein har symptom, skal ein uansett halda seg heime. Det er difor ikkje avgjerande å verta testa so raskt som mogleg. Voss herad ber om tolmod og forståing for at det er stor pågang, og at dei som tek kontakt må rekna med noko ventetid. 

Korleis føregår testinga?

Koronatest vert gjennomført frå ei luke i veggen på testsenteret i Lekvebakken 15B, ikkje gjennom vindauga på bilen slik det har vore gjort tidlegare.
  • Dei som kjem med bil køyrer fram til merka plass.
  • Gå bort til luka når det er ledig. Ha fødsels- og personnummer klart.
  • Små born sit på stol ved testing.
  • Dei som kjem gåande eller syklande vendar seg i luka når dei kjem.
  • Still deg i køen sjølv om du er tidleg ute.

Testing vert utført av helsepersonell.  Ein kan ikkje møta opp utan time fordi det er viktig at me ikkje samlar mange menneske på same plass. Ta med deg legitimasjon. Me minnar om å lesa FHI sine retningslinjer for testing.

Generelle spørsmål om Korona

Me oppmodar innbyggjarane til å ringa den nasjonale informasjonstelefonen for generelle spørsmål om korona: 815 55 015 eller å lese på FHI sine heimesider for oppdatert informasjon om viruset. 

Symptom:

Kontakt

Korona testsenter
Telefon 900 89 662

Tast 1 for testing.

Måndag, Torsdag, Fredag kl. 09:00 - 12:00

Dei dagane me ikkje har open telefon kan ein senda e-post til: 

eileen.s.gronsberg@voss.herad.no 

Digital registrering for koronatesting

NB! Du må ha BankID for å nytta tenesta.

Adresse: 

Lekvebakken 15
5700 Voss

Opningstid for testing:

Måndag, Torsdag, Fredag.

Dersom smittesituasjonen endrar seg opnar me opp for testing raskt.