Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Nettkonsert i koronakrisa

Nettkonsert i koronakrisa

I kveld torsdag 2. april kl. 20.00 arrangerer avisa Hordaland nettkonsert med dei lokale musikarane Irene Tillung, Olav Undeland og Kåre Opheim. Konserten vert streama på www.avisa-hordaland.no frå lokala til Voss Lyd.

Alle desse mista alle sine speleinntekter over natta då koronapandemien slo inn.

Hordaland oppmodar alle til å donera pengar til dei lokale kulturaktørane på Vipps nummer 601475. Pengane går uavkorta til dei som er involverte i å laga konserten. Frå avisa vert det meldt skulle dei få inn meir pengar enn det som er normalt honorar til dei medverkande, vil overskotet gå til eit nytt lokalt kulturfond, Kulturaukefondet, som er under oppretting.

Voss herad stiller seg bak oppmodinga om å støtta det lokale kulturlivet!