Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nok eit korona-tilfelle påvist på Voss

Nok eit korona-tilfelle påvist på Voss

Nok ein person har testa positivt for Covid19, den andre positive testen sidan mars. Det nye tilfellet kan sporast til tilfellet som vart avdekka før helga.

Vedkomande som testa positivt før helga hadde vore  på besøk i heimlandet sitt i sommar. Det viser seg at vedkomande likevel har hatt nærkontakt med minst to personar på Voss etter at han kom tilbake.

 

- Me er helt avhengig av at dei som vert smitta tenkjer seg grundig om og fortel oss heile sanninga om kven dei har hatt kontakt med ein gong. Det er den einaste måten me kan hindre utvikling av større utbrot, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

 

- Me har testa ein mann og ei dame som e no veit har hatt nærkontakt med den smitta. Ein av dei har i dag fått stadfesta ein positiv test. Denne personen har lette symptom og har av den grunn halde seg heime sidan torsdag i førre veke. Personen tok sjølv kontakt med helsetenesta i kommunen etter å ha lese om det nye korona-tilfelle i avisa i helga. Me jobbar no med å kartleggja og testa nærkontaktar, seier Hauge.