Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Ny krisepakke for frivilligheita 

Ny krisepakke for frivilligheita 

Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.  

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.  

Søknadsfristen er 15. september.  

Det kan søkjast om:  

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter).   
    Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.  
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).  Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.  
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).  
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.  

Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.  

https://lottstift.no/ny-krisepakke-for-frivilligheita-2/