Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Nye koronatilfelle

Nye koronatilfelle

Onsdag vart det påvist to nye tilfelle av korona i Voss herad. Saman med eitt tilfelle stadfesta tysdag 24. mars er det no registrert 21 personar med påvist smitte.

Begge dei to som vart stadfesta i dag er relativt unge, og har lette til moderate symptom. Ein av desse melder om mellombels tap av smak- og luktesans. Dette er eit symptom som er registrert hjå om lag ein tredel av dei som har testa positivt i Voss herad. Dette stemmer også med funn i ein større tysk studie av koronasmitte.