Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Nye kriteria for testing

Nye kriteria for testing

FHI har tysdag oppdatert testkriteria for koronavirus. 

Frå FHI heiter det at dersom testkapasiteten er ubegrensa, vil det vera ynskjeleg å testa alle md symptom. Ved begrensa kapasitet skal fylgjande prioriterast:

Personar med akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller tung pust, eller som lege mistenkjer har covid-19, som er:

  1. Pasient med behov for innlegging
  2. Pasient/bebuar i sjukeheim eller helseinstitusjon
  3. Tilsett i helseteneste med pasientnært arbeid
  4. Person over 65 år, eller vaksen med alvorleg eller dårleg regulert sjukdom
  5. Person som er i karantene grunna nærkontakt med ein person med stadfesta tilfelle av covid-19 eller etter reise.
  6. Tilsett, born eller elev i gjenopna barnehage, skule eller SFO

Meir om nye kriteria for testing finn du på FHI si side om priorterte indikasjonar for testing av covid-19

 

Testtelefonen for korona i Voss herad har telefonnummer 900 89 662. Telefonen er bemanna på kvardagar frå kl 10:00-12:00

Kontakt

Testtelefon for korona
Telefon 900 89 662

Adresse

Lekvebakken 15
5700 Voss

Opningstid

Kvardagar 10:00-12:00