Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nytt koronatilfelle

Nytt koronatilfelle

Torsdag kveld vart det stadfesta nok eit tilfelle av Covid-19 i Voss herad. Dette tilfellet er ikkje relatert til dei tre tilfella som det vart meldt om tidlegare, og som har ført til at 18 born og fem barnehagetilsette er i karantene. Voss herad stengjer no Granvin sjukeheim for besøkande.

- Me veit ikkje kvar den siste vedkomande er vorte smitta. Det uroar oss at me ikkje kan spora det siste tilfellet til ei kjent kjelde, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. Voss herad driv no smittesporing for å kartleggja moglege nærkontaktar til det siste tilfellet.

 

Tidlegare torsdag vart det meldt at 18 born og fem barnehagetilsette i Tueteigen barnehage i Granvin er i karantene, og skal testast for korona, etter at det var stadfesta tre nye smittetilfelle, i relasjon til eit smittetilfelle meldt tysdag. Voss herad innfører frå no mellombels besøksforbod på Granvin sjukeheim for å hindra mogleg smittespreiing i institusjonen.

 

- Det er potensielt så mange i Granvin som kan vera eksponert for smitte, at me stengjer sjukeheimen for besøk, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge. Det vert gjort fortløpande vurderingar for besøksforbod på andre sjukeheimar i Voss herad.

- Me oppmodar alle om vurdera nøye om det er heilt nødvendig å besøka sjukeheimane no, seier Hauge.

 

Testsenteret til Voss herad vert bemanna opp fredag, som fylgje av at det er venta stor pågang.