Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Om helsestasjon, PPT og barnevern pr 13. mars

Om helsestasjon, PPT og barnevern pr 13. mars

Situasjonen med koronaviruset påverkar ei rekkje kommunale tenester, mellom anna PPT, barnevern og helsestasjon.

Barnevernstenesta

Barnevernstenesta i Voss herad held stengt for besøkjande fram til den 26.mars. Inngåtte avtalar/møter som kan utsetjast vert avlyst. Me er tilgjengeleg for akutt hjelp som ikkje kan vente og det er høve å møte oss på telefon.

Sentralbordet er ope frå kl. 09.00. – 15.00 i heile perioden tlf: 56 52 13 10 eller  95 26 20 94.

PPT

PPT held stengt for besøkjande fram til den 26. mars. Samarbeidsmøter og oppfølging av enkeltelevar vert avlyst. Sentralbordet er betjent frå kl. 09.00. – 15.00 i heile perioden. Tlf. 56 51 47 80

Voss helsestasjon

Voss helsestasjon held stengt for besøkjande utan avtale. Me avlyser også nokre avtalte konsultasjonar fram til den 26. mars. Dei det gjeld vil få melding om dette på SMS/telefon.

  • Svangerskapskontrollar går som normalt
  • Oppfølging av nyfødde, samt vaksinering av dei minste vil bli prioritert.
  • All skulehelseteneste og  Helsestasjon for ungdom går ut.

Alle som møter på Helsestasjonen må vera friske og me ber om at barn som skal møte på Helsestasjonen møter med berre ein av dei føresette og utan søsken.

Kontaktinformasjon:

  • Sentralbord: 56 53 30 40
  • Helsesjukepleiar: 95 26 20 61
  • Jordmor: 48 01 45 74