Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Om stengde skular og barnehagar

Om stengde skular og barnehagar

Voss herad har eit omsorgstilbod for barnehageborn og elevar frå 1.-7. trinn med foreldre som har eit arbeid som kjem inn under kriteria for «kritiske samfunnsfunksjonar». Det er også eit tilbod for born og elevar med særlege omsorgsbehov.

Dette gjeld i perioden barnehagane og skulane er stengt som ei fylgje av nasjonale føringar.

Helsedirektoratet gjev føringar på at leiarar i barnehager og rektorar i barneskular skal gje omsorgstilbod til born av foreldre som arbeider i helse- og omsorgstjenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Føremålet er å kunna oppretthalda verksemda i helse- og omsorgstjenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar, samt å unngå at personar i risikogrupper vert nytta som barnevakt.

Den enkelte sin rett til eit omsorgstilbod, blir handtert på den enkelte skule og barnehage.  Tilbodet vert i fyrste omgang gjeve i barnet sin barnehage eller skule. Tilbodet gjeld frå og med fredag 13. mars. Det er planleggingsdag i skule og barnehage måndag 16. mars. Denne dagen er barnehage og skule stengt for alle.

Rett til plass i omsorgstilbud

Foreldre som kvalifiserar til eit omsorgstilbod på grunn av arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjonar, kan levera barn i barnehage og skule. Retten gjeld foreldre der begge har eit arbeid som har ein samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgar har eit slikt arbeid. 

Om omsorgstilbodet

Barnehage: Omsorgstilbodet skal føregå innanfor barnehagen si ordinære opningstid.

Skule: Omsorgstilbodet for småtrinnet skal føregå innanfor skulen og SFO si ordinære opningstid. Dette betyr at elevar som ikkje har plass på SFO, heller ikkje får plass i omsorgstilbodet i SFO si opningstid. Elevane får det same opplæringstilbodet som elevene som får undervisning i heimen. 

Born med særlege omsorgsbehov

Det er i første omgang føresette som må vurdera bruk av tilbodet opp mot barnet og eleven sitt omsorgsbehov. 

Barnehage: Barnehagar skal tilby omsorgstilbod for born med særskilte behov. Dette kan gjelde born med vedtak etter §19 g og born med nedsett funksjonsevne.

Skule: Skulane skal tilby eit omsorgstilbod for elevar med nedsett funksjonsevne i dei tilfella der føresette har behov for det. Det skal gjevast eit tilbod i skulen og i SFO si opningstid for elevar i 1.-7. årssteg. For elevar i 8.-10 årssteg skal det gjevast eit omsorgstilbod i skulen si opningstid, dersom ikkje anna er bestemt.