Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Oppdatert om karantene, isolering og testing pr 20. mars

Oppdatert om karantene, isolering og testing pr 20. mars

FHI har oppdatert informasjonen sin om testkriteria og anna om heimekarantene og heimeisolering. Lurer du om du skal testast for korona, i karantene eller isolasjon?  Les denne artikkelen før du ringjer. Veit du forresten at det er ulike reglar for helsepersonell og andre? Her får du oppdatert informajson:

Det er kome nye retningsliner i høve kven som skal testast for korona. Les her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/testing-og-diagnostikk-for-nytt-koronavirus-coronavirus/

 

Kva er skilnaden på sosial distansering, heimekarantene og heimeisolering?

Det er heimekarantene som gjeld flest personar.

Heimekarantene gjelder for fylgjande grupper:

  • Nærkontakt til person som har fått påvist covid-19
  • Personar som har vore utanfor Norden siste 14 dagar

Husstandmedlemar til personar i heimekarantene treng ikkje vera i karantene med mindre dei sjølv oppfyller kriteria over.

Personar som er i karantene og som får symptom på luftvegsinfeksjon skal ha heimeisolasjon inntil ein er frisk, og minimum 14 dagar etter karantena starta.

Sjå ytterlegare informasjon om kva heimeisolering og heimekarantene er her:

https://www.fhi.no/nyheter/2020/fhi-presiserer-rad-om-sosial-distansering/

 

Definisjon av nærkontaktar:

Folkehelseinstituttet skil mellom «nærkontaktar» som er eksponert for smitte, og «lågrisikokontaktar» som berre er mogleg eksponerte.

Med nærkontaktar meiner me personar som har hatt tett kontakt med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19 frå 24 timer før symptomdebut. Ein vert rekna som nærkontakt i 14 dagar frå og med siste kontakt med det stadfesta tilfellet. Les meir her  for definisjon av tett kontakt: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/definisjoner-av-mistenkte-og-bekreftede-tilfeller-med-koronavirus-coronavir/

 

Kven skal testast?

Fra 13.3.20 gjeld nye test-kriteria for kven som skal testast for korona-virus. Personar i heimekarantene skal ikkje testast med mindre kriteria i lenkja under er oppfylt.

Kven som skal testast og kvifor me ikkje testar personar utan symptom kjem fram her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/helsepersonell/testing-og-diagnostikk-for-nytt-koronavirus-coronavirus/

 

Korleis testar Voss herad?

Voss herad har oppretta ei eige telefonnummer, 900 89 662, der pasientar og fastlegar kan ringja for å avklara om det er grunn til å testa. Telefonen er bemanna frå kl 10 til 18. Sjukepleiarane som bemannar telefonen vil støtta seg på kriteria over og rådføra seg med kommuneoverlegen ved behov. Personar som skal testast vil bli tildelt time for oppmøte. Testinga skjer primært ved at personane som skal testast sit i eigen bil og vert testa med en vattpinne gjennom eit ope bilvindauga. Oppdater deg på lenkjene før du ringjer.