Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Oppdaterte kriteria for koronatesting

Oppdaterte kriteria for koronatesting

Folkehelseinstituttet har onsdag utvida testkriteria for korona. Det nye er at alle som lege mistenkjer har symptom på covid-19, korona, skal testast.

Testkapasiteten i Norge har auka som fylgje av mobilisering i alle ledd som har med testing å gjera. 

Det gjer at Folkehelseinstituttet onsdag utvida kriteria for kven som skal verta testa for covid-19. Dei tidlegare kriteria og prioriteringane gjeld, men ei ny gruppe er kome til. Det betyr at alle som har symptom som lege mistenkjer skuldast covid-19, koronavirus, skal testast.

Les meir om testkriteria her. https://www.fhi.no/nyheter/2020/testkriterier-utvides/

Kontakt

Testtelefon for korona
Telefon 900 89 662

Adresse

Lekvebakken 15
5700 Voss

Opningstid

Kvardagar 10:00-12:00