Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Slik avslører du falske nyhende

Slik avslører du falske nyhende

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket «Slik avslører du falske nyheter». Føremålet er å auka evna som den enkelte av oss har til å avdekke falske nyhende og annan desinformasjon med potensiale til å skape mistillit til styresmaktene, media og vitskap.  

Ein vaksine mot falske nyhende, desinformasjon, konspirasjonsteoriar og nettsvindel, er å oppmoda folk om å vera kritiske til det dei les og deler på sosiale medium.

Det betyr at kvar enkelt av oss i større grad må vere merksame på identiteten og motivasjonen til avsendaren, og slik bidra til å bevare den gode tilliten mellom folk og styresmakter. 

Les meir her: https://www.fylkesmannen.no/vestland/helse-omsorg-og-sosialtenester/smittevern/koronavirus/faktaark-om-falske-nyhende/