Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Stengjer hotell, campingplassar, utleigestader for kortidsleige og liknande

Stengjer hotell, campingplassar, utleigestader for kortidsleige og liknande

Norske styresmakter innført ei rekkje tiltak for å redusera spreiinga av korona-viruset. Tiltaka som er sett i verk gjeld førebels fram til 13. april. For å dempa belastinga på lokale helsetenester er det mellom anna innført forbod om å overnatta på hytter og fritidseigedomar utanfor eigen heimkommune. Vidare oppmodar sentrale og lokale styresmakter alle om å berre gjennomføra fritidsreiser som er strengt tatt nødvendige.

Voss herad er ein kommune som har satsa stort og lukkast med å byggja opp eit levedyktig reiseliv. Voss herad er glad i hytteeigarane sine. Voss herad arbeider hardt for å vera ein attraktiv destinasjon som ynskjer alle som vil komma hit velkomne året rundt, alle år. Også helsetenestene i Voss herad er dimensjonert for å store mengder tilreisande hytteeigarar, turistar og deltakarar på arrangement. Voss herad er likevel ikkje dimensjonert for å kunne tilby ei tilfredsstillande helseteneste for både innbyggjarar og tilreisande gjennom ei global krise som korona (covid-19).

 

Voss herad har gjennom heile krisa retta seg etter nasjonale retningslinjer. Samtidig har Voss herad vurdert om det er behov for å innføra andre tiltak ​som ei logisk følgje av dei nasjonale føringane. Dei fleste hotell og overnattingsstader har allereie stengt. Det store fleirtalet av hytteeigarar har dessutan retta seg etter det nasjonale forbodet mot å overnatta på fritidseigedommar utanfor eigen heimkommune. Voss herad takkar dei for det, men ser likevel at det finst nokre smutthol i regelverket som nokre søkjer å utnytta.

Voss herad har vurdert det totale risikobiletet av situasjonen og konsekvensar av statlege føringar og forskrifter slik som: 

  • unngå reiser som ikkje er strengt nødvendig 
  • unngå å vera meir enn fem menneske samla utandørs, samt halda ein meters avstand til kvarandre
  • halda to meters avstand til andre menneske innandørs 
  • ikkje opphalde seg på hytter eller fritidseigedomar 
  • ikkje organisera idretts- eller kulturarrangement 

Etter ein gjennomgang av det totale risikobiletet kan ikkje Voss herad sjå at hotell, campingplassar, utleigestader for kortidsleige og liknande som fortsett held opent skal klara å etterleva desse krava. Som ei følgje av dette vert dei pålagt å stengja fram til 13. april.