Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Stor pågang til legane

Stor pågang til legane

For å unngå overbelastning på fastlegekontora, vert innbyggjarane oppmoda til å søkja informasjon på nett, ringa informajsonstelefonen eller nytta e-konsultasjon. 

Du finn informasjon og konkrete råd om Coronaviruset på fhi.no og helsenorge.no. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på der, kan du ringja Informasjonstelefonen for Coronasmitte på 815 55 015.

  • Dersom du trur du er smitta, ring fastlegen din eller ta kontakt med legekontoret elektronisk med e-konsultasjon Helsenorge.no). Ikkje møt opp på legekontoret eller legevakt.
  • Viss du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117.
  • Unngå unødvendig bruk av fastlegekontora under koronaepidemien.