Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Strenge tiltak for å hindra smitte

Strenge tiltak for å hindra smitte

Statsminister Erna Solberg gjorde torsdag kl 14 greie for nye og strenge tiltak for å stoppa smitte av korona

Alle tiltaka gjeld frå torsdag 12. mars kl 18 og fram til og med torsdag 26. mars.

  • Alle skular, barnehagar og utdanningsinstitusjonar vert stengt. Unntaket gjeld der foreldre har samfunnskritiske roller, til dømes helsepersonell, og born med særlege omsorgsbehov. Her skal det gjevast omsorgstilbod. Liste over samfunnskritiske roller som vert omfatta. Det betyr at ingen innan til dømes helse og omsorg treng vera vekke frå jobb, men skal kunne levera born i skule eller barnehage som normalt.
  • Alle kultur- og idrettsarrangement, både innandørs og utandørs, vert forbode.
  • All serveringsverksemd vert forbode, unntatt serveringsstader der det føregår servering av mat, det vil seia kantiner og spisestader som kan leggja til rette for at besøkande kan halda minst ein meters avstand.
  • Treningssenter, frisør, hudpleie, kroppspleie, tatovering og piercing vert stengt. 
  • Svømmehallar og badeanlegg vert stengt.

Detalj- og varehandel vert ikkje omfatta av desse tiltaka. Det er ikkje nødvendig med hamstring av mat, matvarebutikkane vil vera opne

Offentleg transport går som normalt, men regjeringa ber alle unngå fritidsreiser. For helsepersonell er det forbode å reisa utanlands. Eventuelle kostnadar vert kompensert.  

Det vert innført restriksjonar på besøk til alle helseinstitusjonar

Denne artikkelen er sist oppdatert 12. mars kl 14.40