Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Tinging av test

Tinging av test

Testing skjer i Lekvebakken 15. Testane vert gjennomførte måndag, onsdag og fredag. For å tinga test må du logga inn med BankID eller Bank ID på mobil.

Tinge koronatest

Om du ikkje ynskjer tinga test digitalt, eller møter vanskar, ring koronatelefonen på telefonnummer 900 89 662. Telefontida er frå 9 til 12. 

Testing

Koronatest vert gjennomført frå ei luke i veggen på testsenteret i Lekvebakken 15B, ikkje gjennom vindauga på bilen slik det har vore gjort tidlegare.

  • Dei som kjem med bil køyrer fram til merka plass.
  • Gå bort til luka når det er ledig. Ha fødsels- og personnummer klart.
  • Små born sit på stol ved testing.
  • Dei som kjem gåande eller syklande vendar seg i luka når dei kjem.
  • Still deg i køen sjølv om du er tidleg ute.