Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Til alle innbyggjarar i Voss herad

Til alle innbyggjarar i Voss herad

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har eit viktig bodskap til alle innbyggjarar: Klikk over her for å lesa teksten

Det er påvist koronasmitte i Voss herad. Det betyr at me går inn i ei ny fase, og må rekna med at fleire vert smitta i tida som kjem. 

Det er no viktig at alle gjer sitt for å unngå at smitte spreier raskare. Det klare rådet er å halda seg heime. Ikkje reis på besøk til kvarandre, men ring gjerne. Eller ver endå meir aktiv på sosiale media og hald kontakt med kjente og kjære gjennom facebook, snapchat  eller all anna elektronisk kommunikasjon. Då kan dei som jobbar med heilt samfunnskritiske funksjonar halda fram med oppgåvene sine, utan at risikoen for å bli smitta vert høgare enn nødvendig.

Voss herad støttar seg på dei nasjonale råda frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, og ber alle gjera det same.

Dette er svært inngripande i alle sin kvardag, men heilt nødvendig for å hindra at smitten råkar dei av oss som kan verta alvorleg sjuke av koronasmitten. Voss herad er eit herad for alle. Dei som ikkje er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuke av viruset, må ta ansvaret med å ikkje spreia smitte til dei som av ulike årsaker ikkje må bli smitta.

Voss herad gjer sjølv drastiske tiltak, og reduserer alt som ikkje er nødvendig for kritiske samfunnsfunksjonar. Mange av dei tilsette i Voss herad jobbar med samfunnskritiske funksjonar, innan helse og omsorg, vatn, avløp og anna infrastruktur eller innan oppvekst. Alle som ikkje må møta på jobb for å kunna fylla den samfunnskritiske rolla, skal så langt det er mogleg jobba frå heime.

Voss herad jobbar og med å legga til rette for at alle som vil hjelpa, får ein plass å hendvenda seg. Vidare oppmodar me alle om å planlegga godt slik at ein er minst mogleg i lag med andre. Alle i risikogruppene bør få familie, vener, kjent el naboar til å gjera innkjøp for seg. Som allereie sagt, det som verkeleg kan ha stor effekt for å hindra smittespreiing no, er at me har minimalt med kontakt.

Voss herad ber alle halda seg oppdatert om situasjonen. Fylg med i media og på Voss herad si nettside. Under samlesida om korona er det til ei kvar tid oppdatert informasjon om denne nasjonale krisa, og korleis dette påverkar oss i Voss herad.

Det eg har sagt no ligg og som eige dokument som de kan lesa.

Ta vare på deg og dine og ver så snill å hald deg til dei råda som vert gjeve.