Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tre nye koronatilfelle påvist i Voss herad

Tre nye koronatilfelle påvist i Voss herad

Tre nye personar har testa positivt på korona. Alle tre er busette i Voss herad, og er isolerte heime med lette symptom. Felles for dei tre er at dei er helsepersonell, men har ulike arbeidsstader og arbeidsgjevarar.

Retningslinene frå Folkehelseinstituttet gjer at dei fleste som no vert testa, er helsepersonell.

Kommuneoverlege Eystein Hauge seier det no pågår smittesporing. Ein av dei tre ser ut til å ha fått smitte på reise i Europa, medan dei to andre er smitta i Noreg.

Totalt er det no registrert fem personar med stadfesta koronasmitte i Voss herad.