Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Tre nye smittetilfelle

Tre nye smittetilfelle

Det er stadfesta tre nye koronatilfelle i Voss herad, alle med relasjon til smittetilfellet som vart meldt tysdag 18. august.


 

Eitt av desse tilfella gjer også at 18 born og fem tilsette i Tueteigen barnehage vert sett i karantene.

- Desse vert no fylgd opp, og vert testa for korona, seier kommuneoverlege Eystein J. Hauge.

Dei 18 borna og fem barnehagetilsette høyrer til same kohort i barnehagen. Resten av den aktuelle barnehagen held ope som vanleg, og fylgjer gjeldande retningsliner for smittevern.

- Dette demonstrerer verdien av å ha kohortar i barnehagen, sidan me no raskt får oversikt over kven som har vore i nær kontakt med ein som er smitta, seier Hauge.