Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Utsett og avlyser møte

Utsett og avlyser møte

Grunna nye nasjonale råd frå helsestyresmaktene vil Voss herad vurdera om alle møte og samlingar i kommunal regi skal utsetjast eller avlysast. Samlingar med 100 deltakarar eller meir vert avlyst.

For både interne møte og møte med eksterne deltakar skal det gjerast ei vurdering på kva gevinst det er venta å få ut av møtet opp mot risiko for mogleg smitte. I den grad det er mogleg skal møte med eksterne gjerast over telefon eller video.

 

I tråd med anbefalingane frå helsestyresmaktene vert heradsstyremøtet torsdag flytta frå heradsstyresalen i Voss tinghus til kultursalen i Voss kulturhus. Kultursalen er større, og gjer det mogleg å ha større fysisk avstand mellom representantane for å minska risikoen for mogleg smitte.

 

Voss herad vil også gjennomføra ei risikovurdering av alle kommunale bygg for utleige i samband med tilrådingar frå helsestyresmaktene.

 

Voss herad fylgjer dei til ei kvar tid gjeldande tilrådingane frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, og legg til grunn at aktørar i Voss herad også gjer det.