Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Registrering for vaksine mot covid-19

Registrering for vaksine mot covid-19

Frå 02.03.21 opnar me opp for at alle innbyggjarar i Voss herad over 18 år kan registrera seg for koronavaksinasjon. Registrer deg digitalt.

Voss herad er i gang med å vaksinera innbyggjarane mot covid-19. 
Koronavaksinasjon er gratis og det er heradet si plikt å tilby deg vaksinering.

Hjelp gjerne kvarandre med registreringa. Du kan få ein som står nær til å hjelpa deg. Viss du er den som hjelper, logg deg inn med din eigen bank-ID og registrer vedkommande som ynskjer vaksine.

Nasjonale retningslinjer for prioritering vert fylgd.

Når det vert di aldersgruppe som skal få vaksine vil du få ei melding der du kan gå inn og velja deg time.

Det kjem få vaksinar kvar veke og me fyl prioriteringa til FHI. Me held no på med vaksinering av gruppe 2.

Frå og med veke 8 har me fått AstraZeneca – vaksinen, denne skal prioriterast til helsepersonell. Når kritisk helsepersonell er vaksinert skal ein starta med prioriteringsgruppe 5 med denne vaksinen .

Comirnaty frå Pfizer skal gis til gruppe 1,2,3 og 4 samt helsepersonell over 65 år.

Dersom du ikkje kan registrera deg digitalt eller har andre spørsmål om koronavaksineringstilbodet i Voss herad ring vår koronatelefon på tlf: 900 89 662 på kvardagar frå kl. 09-12, tast 2 for vaksinering.

Prioriteringsrekkefylgje av risikogruppene :

1. Bebuarar i sjukeheim

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år 

4. Alder 65-74 år 
og samtidig personar mellom 18* og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp (merket med * i lista over risikogrupper under)  

5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand (sjå lista over risikogrupper under)  

6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand

7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand

8. Alder 55-64 år 

9. Alder 45-54 år 

10. Alder 18-44 år

Digital registrering for koronavaksine

NB! Du må ha BankID for å nytta tenesta.