Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Voss herad vil ikkje permittera tilsette 

Voss herad vil ikkje permittera tilsette 

Voss herad har vurdert permittering av tilsette slik situasjonen er no. Konklusjonen er me ikkje gjer dette. 

Hovudårsaka er at me er finansiert av offentlege midlar. Permitterer me våre tilsette no, så flyttar me rekninga over på ein annan offentleg instans (staten/NAV). Det vil bryta med det kollektive samfunnsansvaret alle tek no. Vidare krev permittering mykje byråkrati, både i eigen organisasjon og for NAV.

Me vil ikkje prioritera dette i ein svært krevjande situasjon. Me har god dialog med dei hovudtillitsvalde knytta til å bruka tilsette som ikkje er i karantene eller isolasjon etter dei behova som er i organisasjonen, inkludert at tilsette kan flyttast mellom tenester / tenesteområde.

Det er lite hensiktsmessig at me har tilsette som er permittert samstundes som me kan ha bruk for den same arbeidskrafta på kort varsel. Me kartlegg alternativ kompetanse for å kunna mobilisera ved høve. 

Alt kan sjølvsagt endra seg, men inntil vidare gjeld dette. 

Rådmann Arild M Steine