Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Voss tinghus og NAV stengt for publikum

Voss tinghus og NAV stengt for publikum

Som eit førebyggjande tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset vert kontoret stengt frå fredag 13. mars 2020 og inntil vidare.

Dersom du treng tenester frå NAV, kontaktar du oss slik:

På internett, nav.no – ope heile døgeret. Der kan du:

  • Sjekke utbetalingar
  • Søke stønader, også sosialhjelp
  • Registrere deg som arbeidssøkjar
  • Finna søknadsskjemaer
  • Lesa om rettigheiter og vilkår for stønader

Dersom du allereie har ein rettleiar på NAV Voss, kontaktar du denne digitalt i din aktivitetsplan ved behov

Du kan og ringja NAV Kontaktsenter (ope mellom 08.00-15.30):

55 55 33 33 – Spørsmål om dei fleste ytingar

55 55 33 36 - Telefon for arbeidsgjevarar

55 55 33 34 – Spørsmål om pensjon

Har du behov for nødhjelp eller hjelp til å finna midlertidig bustad, hjelper me deg om du ringjer 41 70 48 97, som er betjent måndag-fredag kl 12.00-14.00. Papir som skal leverast NAV, kan leggjast i NAV sin postkasse ute på veggen ved inngangen til Voss tinghus.

 

Dersom du treng tenester frå Voss herad:

Voss herad og Mi Side kan du finna informasjon og søkja om tenester. Du kan også ringa Voss herad på telefon 56 51 94 00, sentralbordet er bemanna frå 09.00 til 15.30 kvar vekedag. Du kan også senda e-post på postmottak@voss.herad.no.
Du kan levera post i postkassen på utsida av tinghuset.

For informasjon om koronaviruset, sjå samlesida om korona.