Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Hauge barnehage

Hauge barnehage

Visjon - Å vera i Hauge barnehage, skal vera trygt og godt.

Hauge er ein kommunal, ein-avdelings barnehage med plass 18 barn, i alderen 1 - 6 år. Barnehagen ligg i landlege omgjevnader i Haugsvik på Vossestrand, om lag 30 km frå Voss sentrum.

I barnehagen har me fokus på nærmiljøet og kulturtradisjonanen me finn på Voss og på Vossestrand. Bak barnehagen ligg ein fotballbane som me nyttar heile året. Om vinteren er det mykje snø, og me lagar skiløyper, hopp eller akebakkar. Om sommaren brukar me  banen til balleik eller annan aktivitet.

Barnehagetilbod

Opningstid 7:15 - 16:15
Ferie Barnehagen er stengt dei to siste heile vekene i juli månad, jul- og nyttårsaftan, samt 6 planleggingsdagar i året
Plasstilbod Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass

Kontakt

Elisabeth Sleen
Styrar
E-post
Telefon 911 22 772

Adresse

Haugsvikvegen 54

5713 Vossestrand

Telefon: 41 70 48 93