Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Kløve barnehage

Kløve barnehage

Visjon - Ein trygg og god stad å vera og å læra

Kløve barnehage er kommunal barnehage som ligg i landlege omgjevnader på Kløve, om lag 9 kilometer frå Voss sentrum. Barnehagen er ein, ein-avdelings barnehage fordelt på to grupper, "Veslefrikk" (1-3 år) og "Askeladden" (3-6 år). Tilsaman er det plass til 33 barn i Kløve barnehage.

I barnehagen har me ein stor og god uteplass, og flott natur rett utanfor gjerdet. Det gjev oss mange og varierte leikemoglegheiter. Inne har me ein gymsal med scene og klatrevegg som gjev moglegheit for aktiv leik og kreative aktivitetar.

Barnehagetilbod

Opningstid 7:30 - 16:30
Ferie Barnehagen held stengt dei to siste heile vekene i juli månad, jul- og nyttårsaftan, samt 6 planleggingsdagar i året.
Plasstilbod Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagars plass

Kontakt

Sigrun Kyte
Styrar
E-post
Telefon 918 74 232

Adresse

Raundalsvegen 360

5706 Voss

Telefon: 56 51 52 01