Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage

Visjon - Ein god start for alle

Regnbogen natur- og kulturbarnehage er ein privat barnehage som ligg på Bryn. Barnehagen er ein open barnehage utan avdelingar der barna er inndelt i grupper. Totalt er det plass til 55 barn i barnehagen. Kvardagen i barnehagen består av leik, humor og god omsorg. Sosial kompetanse er viktig og det er eit gjennomgåande tema i barnehagen.

Me er mykje ute heile året. Me brukar naturen som læringsarena og har skog med gapahuk og lavvo like ved. På eit småbruk i nærleiken har me høner der barna kan hente egg og stelle hønene. Sidan 2012 har Regnbogen barnehage vore ei Miljøfyrtårnbedrift, dette nyttar me som ein del av det pedagogiske arbeidet med barna slik at barna vert gode naturvernarar.

Her kan du finne meir informasjon om Regnbogen.

Barnehagetilbod

Opningstid   7:30 - 17:00
Ferie  
Plasstilbod  

Kontakt

Ingebjørg Bryn Høgheim
Styrar
E-post
Telefon 907 22 404
Ann Helen Grevle
Styrar
E-post
Telefon 911 74 402

Adresse

Brynaskogen 38

5705 Voss

Telefon 56 51 10 70/954 82 402