Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Tueteigen barnehage

Tueteigen barnehage

Visjon - Tueteigen barnehage skal fremja god fysisk og psykisk helse gjennom vaksne som er til stades og merksame på barna sine åtferdsuttrykk

Tueteigen er ein kommunal barnehage som ligg på Tueteigen i Granvin. Barnehagen har tre avdelingar "Kjellaren" (1-2 år), "Midten" (2-4 år) og "Toppen" (4-5 år), totalt er det plass til 66 barn i barnehagen. Hausten 2019 opna Tueteigen ei utegruppe, med plass til 22 barn (4-5 år).

I Tueteiegn har barna eit stort og godt uteområde der dei kan boltre seg. Barnehagen og dei ulike avdelingane har faste turdagar som gjer at ein kan nytte dei fine turområda som er i nærleiken.

Barnehagetilbod

Opningstid   07:00 - 16:30
Ferie Barnehagen held stengt dei to siste heile vekene i juli, jul- og nyttårsaftan, samt 6 planleggingsdagar i løpet av året
Plasstilbod Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass

Kontakt

Ingunn Mo
Styrar
E-post
Telefon 997 38 755

Adresse

Tueteigen 9

5736 Granvin

Telefon: 56 52 52 75