Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Voss barnehage

Voss barnehage

Visjon - Barna i Voss barnehage skal ha nokon å leika med og oppleva meistring kvar dag

Voss barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Tvildemoen i nærleiken av Voss sentrum. Voss barnehage er ein avdelingsfri barnehage, med inntil 104 plassar. Barna er inndelt i tre 3-5-års grupper, ei 2-års gruppe og ei 1-års gruppe. Barnehagen har eige tilrettelagt og skjema område for 1-åringane, "Vetlakjøkkenet" inne og "Vetleplassen" ute. Barnehagen har òg ei utegruppe, "Villmarksgruppa". Dei har base i Storåsen og er i barnehagen fast ein dag i veka. Villmarksgruppa har 18 plassar og er ei av 3-5 års gruppene.

Barnehageveka er organisert i inne-, ute- og turdagar. Rundt barnehagen er det ein skog som ofte vert nytta til turbruk. "Leikeskogen" i Tvildesåsen og leikeplassen i Hagebyen vert også brukt når barnehagen er på tur.

 

Barnehagetilbod

Opningstid   06:30 - 17:00
Stengt barnehage Barnehagen er stengt dei to siste heile vekene i juli, jul- og nyttårsaftan, samt 6 planleggingsdagar i året
Plasstilbod

Barnehagen tilbyr 4- eller 5-dagar plass

 

Kontakt

Gunn Tove Østrem
Styrar
E-post
Telefon 404 82 943

Adresse

Regimentsvegen 126

5705 Voss

Telefon: 56 52 13 60