Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Barnehage-zero - førebygging mot mobbing

Barnehage-zero - førebygging mot mobbing

Klikk for stort bileteBarnehagane i Voss herad nyttar Barnehage-zero når dei arbeidar for å førebygga mobbing.

Kommunale og private barnehagar i Voss herad arbeidar jamleg med Barnehage-Zero. Målet er å førebyggja mobbing og gje tidleg støtte til sosialt sårbare barn. Ved å byggja kompetanse hjå dei tilsette, skal alle dei vaksne i barnehagane bli merksame på barn som treng støtte. Barnehage-Zero handlar om positiv leiing av barn. Små barn er lettare å leia inn i positiv samhandling, og slik kan tidleg innsats ha mykje å seia for førebygging av mobbing.

Hovudpunkt i Barnehage-Zero

  • Identifisera sosialt sårbare barn
  • Dialog med foreldre
  • Observasjon som metode
  • Kollegarettleiing
  • Leiing av enkeltbarn