Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

"Den gode barnehagen"

"Den gode barnehagen"

"Den gode barnehagen" er den overordna satsinga på barnehagefeltet i Voss herad. Visjonen for arbeidet er at alle barn og unge skal ha ein trygg og god oppvekst.

"Den gode barnehagen" er eit utviklingsarbeid som Voss kommune starta  i 2014. Ynskje er å skapa eit betre utviklings- og læringsmiljø gjennom utviklingsarbeid med fokus på utvikling og læring hjå barna, høg trivnad og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Barnehagane i Voss herad har hatt ei felles satsing på område som leiing, kompetente vaksne, positivt sosialt miljø, språkutvikling, samarbeid med foreldre og Barnehage-zero. Dei seinare åra har også samarbeidet med RVTS-Vest kome inn under "paraplyen", "Den gode barnehagen".