Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Korleis stimulera til god språkutvikling heime og i barnehagen

Korleis stimulera til god språkutvikling heime og i barnehagen

Korleis stimulera til godt talespråk

  • Bruk språket
  • Snakk med barnet om kvardagslege hendingar. Kva har skjedd i barnehagen i dag?
  • Snakk tydeleg, bruk eit vanleg språk og bruk korte setningar
  • Gje barnet tid til å snakka ferdig – lytt til barnet
  • Bruk bøker, eventyr, song, musikk og regler
  • Gje barnet opplevingar, og set ord på opplevingane du har hatt saman med barnet
  • Lær barnet fakta: Stadnamn, namnet på tre, blomar osv
  • Leik, sjå på tv og spel saman med barnet. Snakk om innhaldet
  • Gje barnet ei kjensle av å meistra. Samarbeid med barnet og la gjerne barnet delta i daglege gjeremål Ros er viktig!
  • Ha forventningar til barnet i høve nivået det er på. La barnet vera «stort» og «liten» avhengig av situasjonen de er i

Les for barnet. Bruk bøker, blad, aviser og fotoalbum – Bruk biblioteket

Kvifor skal me lesa?

  • Å bli lest for stimulerer språkutviklinga til barnet
  • Det er gode stunder for dialog og samtale. Det er mykje god omsorg i å bli lest for
  • Det stimulerer fantasi og kreativ tenking
  • Barnet får trena merksemdsfokus, evna til å konsentrera seg og trena minne
  • Barna øver opp evna til å lytta og får sjå samanheng mellom tekst og bilete
  • Førebuande lese- og skriveopplæring
  • Bøker skapar spenning og forventning. Barna vert glade i bøker, det gjev leselyst og opplevingar
  • Barna kan ofte kjenna seg sjølv og situasjonar igjen i bøker

 

«O mektige fear. Gje barnet mitt i faddergåve, ikkje berre skjønnheit, helse og rikdom og alt det der som de pleier koma stikkande med. -Gje mitt barn lesehunger, det ber eg om med mitt brennande hjarte. Eg vil så gjerne at mitt barn skal få nøkkelen i si hand, til det fortryllande landet der ein kan hente dei vakraste av alle gleder.»

                                                      Astrid Lindgren