Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Oppseiing og permisjon av barnehageplass

Oppseiing og permisjon av barnehageplass

Oppseiing. Det er to månader gjensidig oppseiingstid av barnehageplassar. Oppseiinga gjeld frå 1. eller 15. i månaden. Det må betalast for opphald i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen. Blir plassen sagt opp etter 1. april må det betalast for barnehageplassen ut barnehageåret. I praksis vil det sei at dersom ein nyttar barnehageplassen etter 1. juni må ein betale t.o.m. 14. juli. Sei opp barnehageplassen

Permisjon. Ved alvorleg sjukdom kan det søkjast om permisjon frå barnehageplassen. Søknad vert behandla av kommunalavdeling oppvekst. 

Søknad med naudsynt dokumentasjon sender de til 

Voss herad, kommunalavdeling oppvekst

postboks 145

5701 Voss