Bekymringsmelding Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom, skal du tak kontakt med barneverntenesta. Barn og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss.Er du eit barn eller ein ungdom kan du også ta kontakt med Alarmtelefonen for barn og unge Sist endra 14.09.2020 12.25 Slik melder du frå til barneverntenesta Du kan ringja oss, senda brev eller e-post. For å vera sikker på at du treffer oss på kontoret er det lurt å laga ein avtale på førehand. På linken under finn du skjema du kan nytta for å melda bekymring for eit barn eller ein ungdom. Voss barnevernteneste - meldeskjema (DOCX, 285 kB) Når du melder bekymring kan du velje å vere anonym. Barneverntenesta ynskjer helst at du seier kven du er, for det kan gjere saka truverdig. Offentlege meldrar som skule, barnehage, politi, lege eller liknande kan ikkje vere anonyme. Voss barnevernteneste - meldeskjema for offentleg meldar (DOCX, 284 kB) Meldeplikt Offentlege myndigheiter, og ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. Lov om barneverntenester § 6-4. Opplysningsplikta inneber ei plikt til å melda frå til den kommunale barneverntenesta ved alvorleg bekymring. Det er eit sjølvstendig og personleg ansvar. Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melda frå, men ikkje eit juridisk ansvar slik offentlege tilsette har. Kva skjer etter at du har sendt bekymringsmelding? Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker vert avgjort straks. Barnevernet vil starta ei undersøking eller henleggja meldinga dersom ho heilt klart er grunnlaus. Ei undersøkjing skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månadar. Undersøkjinga skal vera tilpassa alvoret i saka, stå i forhold til innhaldet i meldinga og ivareta barnets beste. Dersom undersøkjinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta setja i verk tiltak etter lova. Her kan du lesa meir om gangen i ei barnevernssak