Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Zero - arbeid mot mobbing

Zero - arbeid mot mobbing

Klikk for stort bileteSkulane i Voss herad arbeidar med Zero for å førebygga og stoppa mobbing. Null-toleranse for mobbing, aktiv involvering i heile skulemiljøet og forplikting står sentralt i Zero-programmet.

I Zero-programet vert tilsette, elevar og foreldre involvert, slik at alle partar får eit eigartilhøve til zero. Arbeidet mot mobbing skal opplevast som viktig av alle aktørgruppene. Null-toleranse og aktivt arbeid for eit mobbefritt miljø er eit sentralt mål i zero. Både tilsette, elevar og foreldre må vera trygge på at mobbing ikkje blir tolerert.

Skulen sine rutinar og normer skal gjera at ein kan førebygga mobbing, at mobbing blir avdekka, og at mobbesaker blir løyste. Dette er eit kontinuerleg arbeid ved skulane.

Fire mål for Zero-arbeidet:

  • Skulen skal ha gode rutinar for avdekking av mobbing som skjer på skulen.
  • Skulen skal ha gode rutinar for konstruktiv løysing av mobbesaker.
  • Skulen skal førebyggja mobbing gjennom si daglege verksemd.
  • Arbeidet mot mobbing skal vera ein del av skulen sitt kontinuerleg arbeid