Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Permisjon frå pliktig opplæring

Permisjon frå pliktig opplæring

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte elev permisjon i inntil to veker. I Voss herad er det rektor ved eleven sin skule som behandlar, og gjer vedtak om permisjon.

  • I Voss herad er det rektor ved eleven sin skule som kan innvilga permisjon. Dette då kommunen har delegert til rektor å innvilga permisjon i inntil ti dagar. Likeså har Rådmannen i Voss herad delegert til rektor å innvilga permisjon frå 4 dagar til 2 veker.
  • Det er føresette som skal søkja om permisjon for sitt barn i dei høva der føresette har delt foreldreansvar skal begge skriva under på søknaden.
  • I permisjonstida må føresette sjølve sørgja for at eleven får undervisning. Ein kan ikkje krevja at lærarar spesielt skal tilretteleggja for dette, men føresette kan nytta tilgjengelege arbeids- og årsplanar.
  • Dersom det vert søkt om permisjon for mein ein 10 dagar same skuleår, skal eleven skrivast ut frå skulen (ta kontakt med rektor).
  • Ved sjukdomsfråvær, time hjå doktor, tannlækjar eller liknande skal ein nytta meldingsboka.  

 

Søk permisjon her (PDF, 115 kB)

Lovgrunnlag

I opplæringslova § 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa, heiter det:

"Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute"