Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Bulken skule

Bulken skule

Klikk for stort bilete  Visjon - Skulen skal vere ein trygg stad å vera, leika og læra.      

Bulken skule er ein barneskule som ligg 7 km vest for Voss sentrum, og har omlag 90 elevar og 15 tilsette. Skulen er plassert flott til i eit landbruksområde på Rekve, og har flott utsikt over Vangsvatnet.

Skulen fokuserer òg på å sikra ein god skuledag for alle ved skulen, mellom anna gjennom å skapa ei kjensla av at alle har omsorg for kvarandre. Elevane på mellomsteget er gode førebilete for dei yngre elevane, og personalgruppa er ein glad gjeng som brenn for at barna skal få utvikla seg fagleg og sosialt best mogeleg ut ifrå eigne føresetnadar.

På Bulken skule har ein difor valt fokus på leiken, der barn - gjennom den frie leiken - får mogelegheit til å læra og utvikla fokusområda: "språklæring, emosjonell læring og fysisk læring". Vidare er det då naturleg å fokusere på å ha ein skuleplass som gir eit breidt mangfold av leikmogelegheit, deriblant å byggje kring den sterke vinteridrettsinteressa som finns i krinsen knytt til ski og hopping, og elles fotball og idrettsskule

    

 

 

Satsingsområder i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeidar skuleåret 19/20 med førebuing til ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1 dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.

 

Bulken skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.-4.trinn.

 

Informasjon kring SFO

Kontakt

Anne Underdal
Rektor
E-post
Telefon 922 28 448

Adresse

Rekvesvegen 94

5708 Voss

Telefon: 56 51 42 19

Telefon SFO: 56 51 42 19

Epost: bulken.skule@voss.kommune.no

Opningstider

SFO
SFO
Før skuletid Etter skuletid
07:30 - 08.30 13:45 - 16.15