Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Gjernes skule

Gjernes skule

Visjon - Eit godt grunnlag for ei god framtid.

Gjernes skule er ein barneskule som ligg eit par kilometer sør for Voss sentrum i naturlege omgjevnadar, og har omlag 130 elevar og kring 25 tilsette. Skulen er plassert lunt til ved bustadfeltet ved Gjernesmoen mot Bordalsgjelet, og har godt utsyn over Vangsvatnet.

Skulen har dei siste åra vore i utbyggingsaktivitet, der både bygg og uteområde har vorte forbetra. Mellom anna har skulen ny gymsal, amfi og administrasjonsdel. I nærleiken av skulen har ein mogelegheit for å nytte nærområda i Gjernesmoen og Vosso samt Bordalsgjelet i undervisning. 

Skulen har eit godt uteområde, der ulike apparat fremjar ulik leik.

 

   

Satsingsområder i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeidar skuleåret 19/20 med førebuing til ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1 dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.

Gjernes skule tilbyr leksehjelp for elevar på 2.- 4. trinn.

 

 

Informasjon kring SFO

Kontakt

Beate Mundal
Rektor
E-post
Telefon 957 07 696

Adresse

Gjernesmoen 8

5700 Voss

Telefon: 56 51 47 40

Telefon SFO: 948 61 064

Epost: gjernes.skule@voss.kommune.no

Opningstider

SFO
SFO
Før skuletid Etter skuletid
07:30 - 08.30 13:45 - 16.15