Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Voss ungdomsskule

Voss ungdomsskule

Visjon - Alle skal oppleve meistring og læring kvar dag.  

Klikk for stort bilete Thor Trå   

Voss ungdomsskule er ein rein ungdomsskule som ligg i sentrum av Vossevangen, og har omlag 480 elevar og 80 tilsette. Skulen ligg vakkert til med Vangsvatnet få steinkast vekke, og med Prestegardslandet og Prestegardsmoen som næraste nabo.Skulen arbeider aktivt for å sikre at alle elevar opplever meistring og læring kvar dag. I tillegg til skulen sin eigen gymsal har elevane tilgang til Vossabadet, friidrettsstadion, kunstgrasmatter og idrettshall. På sjølve skuleplassen disponerer elevar eit stort uteområde, med ulike sosiale soner, samt område for fysisk aktivitet.

Skulen tilbyr til vanleg følgjande tilvalsfag: tysk, fransk, spansk, engelsk fordjupning og arbeidslivsfag.

Skulen tilbyr til vanleg følgjande valfag: Demokrati i praksis, design og redesign, forsking i praksis, fysisk aktivitet og helse, innsats for andre, internasjonalt samarbeid, levande kulturarv, medier og kommunikasjon, natur, miljø og friluftsliv, produksjon av varer og tenester, programmering, reiseliv, sal og scene, teknologi i praksis.

 

 

 

Satsingsområder i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeidar skuleåret 19/20 med førebuing til ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1 dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.

Kontakt

Claus Røynesdal
Rektor
E-post
Telefon 934 62 344

Adresse

Besøksadresse: Olavsvegen 5, 5700 Voss

Postadresse: postboks 504, 5703 Voss

Telefonar;

Kontor: 56 51 95 55

Ass.rektor: 992 19 232

Ass.rektor: 992 19 231

Ass.rektor: 992 19 228

Epost: voss.ungdomsskule@voss.kommune.no