Skulestad barnehage

Visjon - Skulestad barnehage, ein god kvardag

Skulestad barnehage er ein privat barnehage som ligg bak Skulestad skule. Barnehagen har fire ulike avdelingar, "Klatremus", "Nøtteliten", "Bukkane Bruse" og “Blåmann”. Totalt er det plass til 78 barn i barnehagen.

Satsingsområdet er leik. Leiken er barna sin måte å læra, utforska, bearbeida, samhandla, meistra og våga på. Gjennom leik kjem ein innom alle fagområda i rammeplanen. Dei vaksne i barnehagen er tilstades, deltakande, hjelper til, rettleier, tilfører og inspirerer i leiken.

Her finn de meir informasjon om Skulestad barnehage.

Opningstid Skulestad barnehage

Opningstid Skulestad barnehage
Opningstid Ferie Plasstilbod
6:45 - 17:15. Opningstid frå 15.08.2024: 06:45 - 16:30 Barnehagen held ope heile året, med unntak av seks planleggingsdagar kvart år. Barnehagen tilbyr kun femdagar plass

Kontakt

Anne Ragnhild Dolve Kyte
Dagleg leiar
E-post
Telefon 48 17 72 46

Adresse

Fitjavegen 18

5710 Skulestadmo

Telefon 56 51 27 11