Innmelding av elevar til 1.klasse 2021/2022 i Vossaskulen.
15.november 2020 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse i 2021.
Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved. Barnet vert plassert på nærskulen ut frå den adressa barnet er registrert på i Folkeregisteret.
Føresette loggar seg inn med ID-porten på kommunen si heimeside i «Portal for oppvekst, skuleinnmelding» og stadfestar skuleplasseringa eller takkar nei.
Føresette som ynskjer at eleven skal starte på ein anna skule, må skrive ein søknad om dette. De skal nytta skjema «Overflytting til annan skule» som de finn under «Skule – byte av skule» på heradet si heimeside.
Føresette får vedtaksbrev automatisk.