Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Klage på eigedomsskatt

Klage på eigedomsskatt

Eigedomsskattesetelen viser korleis eigedomsskatten din er utrekna. Du kan klaga dersom du meiner den er feil. Det er viktig at du rettar klagen til rett instans. 

Dersom eigedomen din har bustadverdi frå Skatteetaten, skal du melda frå til dei. 

Meiner du at taksten eller utskrive eigedomsskatt frå kommunen er feil, kan du senda klage til Voss herad ved å bruka skjemaet som du finn under spørsmålet "Korleis klaga på kommunal fastsett takst?"

Du kan klaga på: 

  • Feil i areal
  • Feil ved rettsanvending
  • Ueinig i bruken av skjønn
  • Saksbehandlingsfeil
  • Misbruk av mynde og brot på likskapsprinsippet
  • Tildeling av unntak og fritak etter eigedomsskattelova