Bli frivillig!
Det å vere frivillig er ein flott aktivitet som gjev både meining og glede! Fleire organisasjonar ynskjer seg og treng fleire frivillige. Meir informasjon om kva det inneber å vere frivillig, får ein ved å kontakte laga og organisasjonane direkte.
Voss Frivilligsentral ynskjer seg frivillige til besøksven-ordninga, og til å hjelpe til i dei ulike aktivitetane dei driv. tlf. 56 51 03 70
Voss Røde Kors Omsorg har behov for fleire frivillige til blant anna besøkstenesta, leksehjelp, norsktrening, flyktningguide og Barnas Røde Kors. Her kan ein velja seg ein aktivitet! Å bidra som frivillig er sosialt og kjekt, ein møter kjekke deltakarar og andre frivillige samtidig som ein gjer ein innsats for samfunnet. Ein gong i månaden vert alle frivillige invitert til felles sosialt samvær med fagleg påfyll, underhaldning og mat. Interessert?
Kontakt aktivitetskoordinator: Marit Nedkvitne, tlf. 900 55 083, marit.nedkvitne@redcross.no
Takk til alle som gjev litt av seg sjølv, for at andre skal ha det bra! Takk til dei som tek seg litt tid og viser omsorg. Takk til dei frivillige og til dei som bryr seg.