Startlån

KORT FORTALT

Startlån kan hjelpa deg som har hatt langvarige problem med å få lån i vanleg bank til å kjøpa eller tilpassa eigen bustad. I nokre tilfelle kan kommunen kombinera startlån med eit tilskot. Kommunen stiller ikkje krav til eigenkapital, men du må kunna betala lånet ved sida av andre utgifter.

Kven kan få startlån?

  • ein får ikkje lån/nok lån i vanleg bank og har ikkje mogleheit til å spara opp eigenkapital over nokre år
  • familie med born som bur i ein ueigna bustad og treng stabil bustad raskt
  • familie med born med økonomiske og/eller helsemessige utfordringar
  • andre med særlege sosiale og/eller helsemessige utfordringar
  • ein har bustadlån og anna gjeld med høg rente og står i fare for å mista bustaden ved tvangssal
  • ein må gjera større, nødvendig utbetring av bustaden for å kunna bli buande, men får ikkje lån i vanleg bank

Ungdom i etableringsfasen som manglar eigenkapital kan ikkje få startlån, heller ikkje husstander som kan spara opp eigenkapital over nokre år. Unntak må vera knytt til særskilte helsemessige eller økonomiske utfordringar. Bustaden må vera nøktern.

 

Kva kan du få startlån til? 

  • kjøpa bustad
  • refinansiera bustaden dersom du står i fare for å mista bustaden ved tvangssal  
  • tilpassa bustaden din dersom du på grunn av nedsett funksjonsevne har behov for tilpassing
  • utbetra bustaden din 

Du kan bruka startlånet til å fullfinansiera ein bustad, eller som toppfinansiering i kombinasjon med lån frå ein bank. 

 

Meir informasjon om startlån

Søk startlån på Husbanken.no Slik lastar du opp vedlegg i søknaden

 

Kontakt

Kari Trana
E-post
Telefon 95 26 20 59