Bustadtilpassing

Funksjonell bustad heile livet! Er du eldre og/eller har nedsett funksjonsevne? Me ser på kva løysing som kan vera aktuell for deg, i lag med deg. Ergoterapitenesta gjev råd og rettleiing om korleis bustaden din kan tilpassast.

Kva kan me gjera for deg?

Ein ergoterapeut kjem på besøk heim til deg og vurderar heimen din.

Tekniske hjelpemiddel: Ergoterapitenesta samarbeidar med Nav Hjelpemiddelsentral og kan bistå med søknad om lån av til dømes rampe, trappeheis, osv.

Større ombyggingar: Ergoterapeuten formidlar kontakt med finansieringsordningar frå Husbanken og Nav.

Du kan få tilskot til tilpassing både i eigd og leigd bustad. I leigebustad må huseigar godkjenna arbeidet som skal gjerast. Tilskot kan kombinerast med startlån og tilskot frå Hjelpemiddelsentralen (Nav).

  • endra/betra tilkomst til bustaden
  • tilpassing/ombygging av rom - til dømes bad, der det må vera plass til rullestol
  • arbeid/ombygging i samband med trappeheis

Tilskot som er økonomisk behovsprøvd:

Det skal alltid vurderast om det er mogleg å finansiere tilpassinga via eigne midlar eller banklån før ein vurderer tildeling av behovsprøvd tilskot.

  • bustadtilskot til utgreiing og prosjektering (til leige av ekstern hjelp ved større og omfattande ombyggingar)
  • tilskot til tilpassing
  • tilskot til etablering

Tilskot som ikkje er økonomisk behovprøvd:

Nav Hjelpemiddelsentral kan gje tilskot til ombygging i staden for trappeheis, løfteplattform eller rampe. Ombygginga skal gje varig tilgjenge i eigen bustad.

Kven kan få tilskot?

  • Husstandar eller einskildpersonar som har behov for tilpassing av bustad
  • Barnefamiliar har høg prioritet
  • Eldre som har behov for førebyggjande tilpassingstiltak

Kva forventar me av deg?

Dersom det er behov for større ombyggingar, har du sjølv/pårørande ansvar for å fylgja opp byggprosessen. Til dømes kontakta private byggfirma og fylla ut søknadar.

 

Last ned brosjyra Funksjonell bustad heile livet! (PDF, 6 MB)

 

Kontakt

Tilpasse bustad

 

Ergoterapitenesta
Hagahaugvegen 30
Telefon: 952 62 004

Tilskot sakshandsamar
Innbyggjarservice
E-post: postmottak@voss.herad.no
Telefon:  56 51 94 00