Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Dagtilbod

Dagtilbod

Voss herad har dagaktivitetstilbod til menneske med fysisk og/eller psykisk funksjonshemming, personar med psykisk liding, eldre og menneske med demens. 

Kven kan få tilbodet? 

Dagaktivitetsilbodet er for deg som bur heime.
Tilbodet vert tildelt menneske som grunna fysiske og/eller psykisk funksjonsnedsetting, ikkje får dekka sine behov for dagleg aktivitet utan bistand frå andre.
Tilbodet gjeld og eldre som er i behov for tilrettelagde differensierte aktivitetstilbod, grunna kognitiv svikt.

Kva kan du få hjelp til? 

  • Overordna mål om å vera ein god «treffstad» der eldre heimebuande i Voss Kommune og bebuarar på institusjonen kan møtast for å oppleva meistring og glede.
  • Ha fokus på førebyggjande tiltak. Dette ved at brukar får individuell trening og aktivisering, som t.d. styrke- og balansetrening. Dette med mål om å førebyggja fall, bidra til at brukar meistrar daglege aktivitetar utan bistand eller med bistand på eit lågast mogeleg omsorgsnivå.
  • Leggja til rette for aktivitetar som stimulerer til meistring og positive opplevingar slik at det bidreg til auka livskvalitet.
  • Tilby tilrettelagt dagtilbod til personar med demens som bidreg til gode opplevingar og meiningsfulle kvardagar.
  • Vera ei avlasting for dei næraste som har omsorgsoppgåver i forhold til personar med demens, slik at dei står lenger i ein krevjande omsorgssituasjon. Målet er å koma så tidleg som mogleg inn i løpet av demenssjukdomen.
  • Nyhagen arbeids- og aktivitetstilbod er eit dagtilbod for menneske med utviklingshemming, tilbod vert tildelt etter søknad og kan vera frå 1 – 5 dagar i veka.

Søknadsprosessen

Lover og reglar  

Dagtilbod er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan ytast for å dekkja eit hjelpebehov som gjev rett til tenester etter lov om sosiale tenester i NAV. Sjå blant anna sosialtenesteloven §12.

Dagaktivitetstilbodet er ei ikkje lovpålagd teneste, men heradet har likevel ei plikt til å tilby ein arena der ein får dekka behov som er beskrive i Helse og omsorgstenestelova § 1-1, §3-1-2.

 

Forskrifter: