Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Aktivitetstilbod 60+

Aktivitetstilbod 60+

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer, gjennom sine tenester, å bidra til betre helse og livskvalitet for innbyggarane på Voss. Parallelt med å vidareutvikle og styrke dei ulike helse- og omsorgstilboda kommunen gir, ynskjer me å gi deg høve til å vera ein del av eit fellesskap der aktivitet og samvær står i fokus.

Dette informasjonsheftet inneheld ei oversikt over ulike aktivitetstilbod og møteplassar for seniorar og eldre i Voss kommune. Aktivitetane er drivne av frivillige og ideelle organisasjonar, kyrkja, og kommunen.
 
Felles er at dei er lågterskeltilbod som er opne for alle seniorar og eldre, det kostar lite å delta og dei har lett tilgjenge. Informasjonsheftet er ein del av kommunalavdeling helse og omsorg si satsing på førebygging og helsefremming, og er i tråd med avdelinga sin nye strategi for korleis ein skal arbeida i dei komande åra.
 
Strategien har i tillegg eit auka fokus på samarbeid med dei frivillige- og ideelle organisasjonane. I heftet vil du finne informasjon om trenings- og turgrupper, kven du kan kontakta om du ynskjer nokon å prate med, og kvar du kan treffe andre pensjonistar i triveleg lag. Me vonar du oppdagar tilbod som kan høve deg, og at du vert inspirert og motivert til å bli med!