ErgoterapeutDu kan ta kontakt med ein ergoterapeut dersom du på grunn av sjukdom, skade eller annan funksjonsnedsetting har utfordringar i forhold til daglege gjeremål. Sist endra15.10.2020 15.05 Kven kan få tilbodet? Barn, vaksne og eldre som på grunn av sjukdom, skade eller annan funksjonsnedsetting har utfordringar i forhold til daglege gjeremål kan ta kontakt med ergoterapeut Kva kan du få hjelp til? Observasjon, undersøking og vurdering Kartlegging av funksjon og råd om å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar Råd og rettleiing for å betre eller bevara funksjon og førebyggja sjukdom og skade Tilrettelegging av dei fysiske omgjevnadane heime, i barnehagen, på skulen eller arbeidsplassen Trening med sikte på at du skal klare viktige daglege funksjonar Utprøving, hjelp til søknad om og opptrening i bruk av tekniske hjelpemiddel Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidsgrupper Gruppetrening Individuell behandling Vere med på å setje realistiske mål for habilitering/rehabilitering Vera med å utarbeide Individuell plan Oppfølging etter utskriving frå institusjon/sjukehus Førebyggjande tiltak i skule/barnehage Kvardagsrehabilitering Slik søkjer du Du kan ringje til ergoterapeutane Her finn du ein liste over fysio- og ergoterapeutar i kommunen Søknadsfristar Det er ingen søknadsfrist, du søkjer ved behov Prisar Tenesta er gratis