Førebyggande heimebesøkEr du over 80 år og ikkje mottek pleie- og omsorgstenester frå kommunen vil du få brev om førebyggande heimebesøk. Fokuset er å styrkja trivsel, tryggleik og helse, samt førebygga helseskadar. Tilbodet er frivillig. Sist endra27.01.2020 15.05 Kven kan få tilbodet? Alle eldre over 80 år som ikkje allereie mottek pleie- og omsorgstjenester frå kommunen. Kva kan du få hjelp til? Informasjon om tenester og tilbod som finst i kommunen, både i offentleg og frivillig regi. Me vil snakka om fysisk aktivitet, ernæring, fysisk, psykisk og sosial helse. Me vil også ta for oss sikkerheit i heimen, både når det gjeld brann, tilrettelegging og tilkomst til bustaden. Me vil ha fokus på å fremja motivasjon og bruk av eigne krefter for eit best mogeleg liv, og vera med på å motivera til eventuelt endra vanar. Slik søkjer du Du treng ikkje søkje. Kommunen tek kontakt med deg. Søknadsfristar Det er ingen søknadsfrist. Prisar Det er inga eigenbetaling Kva skjer videre? Pleie- og omsorgstenesten tek kontakt med deg.